På Norsk Folkemuseum blir det forska på bruken av varer som kaffi og te over eit langt tidsrom. Dine forteljingar om kaffi er med på å fylle ut biletet. I Noreg drikk over 80 % av dei vaksne kaffi jamnleg. Vi trur dei fleste, også dei som ikkje drikk kaffi sjølv, vil ha erfaringar og tankar rundt temaet.
Her finn du ein kortare versjon av undersøkinga. Svara gir du oss direkte i skjemaet.
Her er ein lengre versjon. Svara kan du sende oss på epost eller i vanlig post.
Kaffi hos NEG
I 1950 sendte vi ut spørjelista ”Drikk til maten til kvardags”. Her var det fleire spørsmål om emnet og mange svara utførleg på korleis det var kaffien kom til eigne bygder og korleis folk sparte på kaffien. Ein eldre kar fortalte om då han var barn:
Eg minnest atende til 1890 åra. … Kaffi var i bruk fyrr eg minnest, men det var bare for vaksne. Me borna skulde få kaffi i Jola, men ellers ikkje fyrr ein vart konfirmert. (NEG 8083, mann, Vest-Agder/Gyland)
Ein annan kar skildra korleis han opplevde utviklinga av kaffidrikking i si bygd:
I den fyrste tida lika dei ikkje kaffen noko større. Dei tykte han minte om briskelog. Men det skulle vera fint med kaffi, og han vart etter kvart meir og meir nytta, fyrst i gjestebod og som ”fremman”-drikk, sidan til kvardags. Med tida vart kaffen den mest vanlige drikk attåt maten både for born og vaksne. (NEG 5704, mann, Buskerud/Hemsedal)
Kaffi var lenge noko ein spara på og nytta til fint, slik denne mannen skildrar det frå midten av 1800-talet, nok ei stund før han sjølv vart føydd:
En av naboene kjøpte til hver jul en mark rå kaffe (250 gr.), som konen hans brendte. Så gikk hun til … (1797-1877) å fikk låne kaffekvernen, å malte opp hele kaffebeholdningen på en gang, og fylte den malte kaffen på en tre….. flaske, som hun korket godt igjen, for at den skulle holde sig og ikke dovne vekk. Beholdningen skulle da vare hele året, og kun brukes ved serlige anledninger, og når der kom storfremmede. (NEG 6135, mann, Nordland/Beiarn)
Korleis kaffien vart laga var, då som no, ein eigen vitskap. Men føremålet for femti og hundre år sidan var heller å spare på kaffien enn å oppnå ein viss smak:
Kaffen lages av koldt vann og med finmalt kaffe på kjelen, når vannet koker. Forresten tror jeg, kjelen som oftest står på hele dagen nå og det kokes på grudden mange ganger. Salt brukes ikke, men klareskinn og i den tid, man selv laget lutefisk, ble tørfiskskinnet tatt vare på til klareskinn. (NEG 5537, mann, Østfold/Trøgstad)
Mykje er sikkert annleis i dag, men vi blir heller ikkje overraska om vi finn likskap når det gjeld når og korleis kaffi blir servert. Det gjenstår å sjå kva de svarer på undersøkinga!
Vi samarbeider med Norsk Kaffeinformasjon denne gongen.
