Vi har spurt om mange tema opp gjennom åra. I margen til høgre finn du alle frå 1946 til i dag.

Kort om historia til Norsk etnologisk gransking

Dei fyrste tiåra var føremålet med NEG si innsamling å få kunnskap om det gamle bondesamfunnet. Kvinner og menn rundt omkring i landet vart spurt som representantar for sine bygder for å få ei geografisk oversikt over spreiing og bruk av reiskap, metodar og tradisjonar knytt til bondekultur.

Mot slutten av 1970-talet endra spørsmåla seg.  No vart folk i større grad spurt om eigne erfaringar, tankar og opplevingar. Slik er det framleis. Her finn du dei nyaste undersøkingane vi har sendt ut.

Om undersøkingane våre

Det er to typar undersøkingar vi sender ut. Det eine blir kalla spørjelister, og er lengre undersøkingar om gitte tema. Det andre er særemne, og kan vere svært korte. Særemna er ofte oppdrag frå andre forskarar, men også dei vanlege spørjelistene kan vere laga i samarbeid med forskarar frå andre institusjonar enn NEG. 

Er det eit spesielt tema du er interessert har vi eit stikkordsregister. Her kan du finne ord og omgrep du ønskjer å vite meir om, og så står det nummer til dei undersøkingane vi har hatt der dette er brukt i spørsmåla.

Stort sett alle svara vi får inn kan gjerast tilgjengeleg for forskarar og interesserte. Dei er anonymiserte. Dersom du vil bruke dei til forskingsprosjekt, studentoppgåver, artikkelskriving eller andre ting, er det berre å ta kontakt med oss.