Publisert 19.07.2012
Musea dokumenterer det daglege livet, og her kjem feriar naturleg nok inn. For mange er ferie det same som båtliv, og i 1988 sendte vi i Norsk etnologisk gransking (NEG) ut ei undersøking om livet som fritidsbåtreisande. Vi spurte då om kva som gjer at folk blir trekt mot sjøen. Er du eit båtmenneske, eller har du nokon gong lurt på kva som får folk til å ville tilbringe tid på sjøen heller enn på land?
Grunngjevingane har ikkje endra seg fram til i dag. Det viser til dømes rapporten Fritidsbåtturismen på Sørlandet (2012). Dei tre sterkaste årsakene oppgjevne i rapporten er fridomen det gir å vere i båt, dei sosiale aspekta ved reisemåten, og båtlivet som kunnskapsfelt. Dette motiverte dei som reiste med fritidsbåt i 1988 også.
Fridom
Fridomen på sjøen er det som flest nemner som forlokkande ved sjølivet. På sjøen kan båtfolket leve i pakt med natur, veret, sola og vinden. Fridomen til sjølv å avgjere kvar reisa skal gå, når ein ønskjer å stoppe og kven ein reiser med er viktig. Men det handlar også om fridom frå noko, frå kvardag, jobb og stress. I tillegg er det mange som skildrar ei kjensle av fridom som ikkje eigentleg kan definerast som fridom frå eller til noko, men ein tilstand, ein måte å vere på og ha det på. Ein er ikkje fast på jorda eller avhengig av vegar, men kan reise i nett den retninga og i tempoet som ein ønskjer.
Sosialt på sjøen
Fridom er altså noko mange nemner. Noko anna som kjem opp i store delar av materialet er dei sosiale aspekta ved sjølivet, og korleis det fungerer som motivasjon for dei reisande. Ein reiser oftast saman med partnar, med barn om ein har, og gjerne med andre familiar og vener. Å vere på sjøen er nesten litt som eit eige samfunn, der ein vinkar til folk i båtane ein møter, og når ein legg til land blir ein kjend med dei som er i båtane ved sidan av. Ein hjelper kvarandre med fortøyingar, snakkar om rutene ein har reist, og om båtane. Kaffi og øl blir nytt på dekk, og ein deler gjerne ein ankerdram.
Båtliv som kunnskapsfelt
Fridomen og det sosiale er nok for mange, men ikkje alle. Nokre av dei reisande trekk fram kunnskap og høve til å prøve seg sjølv og bli dyktige som motivasjon for å reise på sjøen. Utfordringar er viktige. Gleda handlar om å prøve seg sjølv og bli dyktigare. På sjøen i båt har blitt ein stad å vere, ikkje berre ein måte å reise på. Opplevinga har komme i fokus, med høve til å meistre båt og sjø og vere fortruleg med eit element som kan vere farleg.
Men reisemålet er ikkje viktig
Fritidsbåtreisande ønskjer å bli dyktig innanfor noko, og har fridom til å velje reisefølgje og reise kor dei vil. Men destinasjonen er slettes ikkje så viktig. Ein rogalending i NEG-materialet siterer eit Erik Bye-dikt for å dele si oppleving:
«Du kommer dit du skal med seks knops fart
– Hvis du skal noe sted i det hele tatt
– fordi båten i seg selv er et mål»
Så konsist kan det seiast. Då kan eg ikkje anna enn å ønskje god sommar vidare, til både landkrabber og til sjøfolk!
Line Grønstad
Konservator og kulturvitar